BKK gir 500 000 til Haiti
Fredag den 26. februar overrakte Bergen Kommunale Kraftselskap 500 000 kroner til hjelp for dei jordskjelvramma på Haiti.


- På bilete er Jostein Søfteland, personalsjef, Åse Vaksinen Sælensminde, regionsekretær, Svein Davidsen frå El og It, i bakgrunnen representant for Fagforbundet og Morten Bildøy, El&It
Det var med stor takksemd regionssekretær Åse Vaksinen Sælensminde tok imot gåva på vegne av Norsk folkehjelp.
Leiinga i BKK fortalde om forslag frå Elog IT om å gi til eit humaitært formål i staden for julegåve til dei tilsette ved bedrifta i 2010. Både bedriftsleiinga og dei andre forbundsområda ved bedriften syntes dette var ein flott ide. Det var også fagrørlsa som sette fram forslaget om at pengane burde gå til Norsk Folkehjelp v/Solidar og våre søsterorganisasjonar som jobbar på Haiti.
BKK –Bergen Kommunale Kraftselskap med over 1100 tilsette er ein av dei store bedriftene i Hordaland. Norsk Folkehjelp sitt regionskontor har god kontakt med El og IT som er det største forbundsområde på bedrifta.



Twitter
Facebook
