Bli med og fjern klasebomber!
Det blir klasebombearrangement i Bergen fredag 28/11 og lørdag 29/11.

3. desember skal avtalen om forbod mot klasebomber underskrivast i Oslo. I denne viktige saka har Norsk Folkehjelp hatt ei viktig pådrivarrolle. Slike bomber har drepe og lemlesta sivile i over 40 år. Bombene blir spreidd over eit stort område og rammer difor ofte sivile. Ueksploderte klasebomber blir liggande på bakken og tar liv fleire tiår etter at krigshandlingane er avslutta. Norsk Folkehjelp ryddar klasebomber i land som Libanon, Kambodsja og Georgia.
Milliardar av små klasebomber blir lagra i 78 land. Klasebombeforbodet hindrar at desse blir nytta eller solgt vidare, noko som kunne skapt eit humanitært problem større enn landmineproblemet. Norsk Folkehjelp og partnarane våre jobbar på spreng for at flest mogleg land skal ratifisere avtalen fortast mogleg, slik at forbodet kan tre i kraft.
Norsk Folkehjelp skal markere avtalen i dei 4 største byane i Norge, og klasebombeturnéen endar i Bergen fredag 28/11 og lørdag 29/11.
Fredag 28.nov: Foredrag med blant anna Knut Furunes, som er ansvarlig for Norsk Folkehjelps mineryddingsprogram i Libanon. Auditorium A, Sydneshaugen skole (hf-fakultetet), kl 17.00.
Lørdag 29.nov: Markering på Vågsallmenningen fra 11.00 til 16.00. Her kjem forsvarministeren og ordføreren i Bergen for å signere folkeforbodet mot klasebomber. Lær korleis ein fjerner klasebomber og skriv under på folkets traktat mot klasebomber!
Vel møtt!


Twitter
Facebook



