Haldningsskapande seminar i Bergen

Under tittelen ”Rasisme og diskriminering - holdningar og handlingar” sendte NF Ungdom Bergen ut ein førespurnad til tre folkehøgskular i Bergensområdet om å få halde eit skuleseminar. Ein av Norsk Folkehjelp sine grunnpilarar handlar om å kjempa mot rasisme og diskriminering, og NFU Bergen har dei siste åra hatt det på dagsorden.

 Dei fleste i Bergensgruppa har no vore innom både Menneskjebibliotek og Mangfald og Dialog -kurs. Med inspirasjon i frå det, og ikkje minst tanken om å gjere noko som aktivt engasjerar andre i denne kampen, bestemte nokre i gruppa seg for å utarbeide eit skuleseminar. Etter litt klipping og liming i frå MOD-kurs, MOD-leiar kurs og ikkje minst med råd og tips i frå sentralt hald kunne me reise ut med eit firetimars haldningsskapande seminar!

 

På Fana Folkehøgskule var det 20 deltakarar i frå alle faglinjer på skulen, og på Åsane Folkehøgskule fekk me kome til u-landslinja. Med ”Free your mind” som opningssong og deretter utdeling av papir og tusj for å teikne kart, byrja elevane etter kvart å skjøne at dette ikkje var eit vanleg foredrag om rasisme. Etter å ha sett verda i andre perspektiv enn det som gjennom heile grunnskulen har hengt framføre tavla, vart tankeprosessen vidareført med Børretzen sin song om si mormor. Kjensler som å føle seg misoppfatta når ein ikkje kan spelereglane i ei forsamling, ikkje minst i eit land, refleksjon rundt eigne fordommar og måtar å møte menneskje på var noko som vart satt fokus på i løpet av seminaret. Då elevane dette skuleåret skal ut å reise til forskjellege land i verda, valte me å sette ekstra fokus på kulturforskjellar og korleis me ser oss sjølve i høve til ”dei andre”. Det er sjølvsagt grenser for kor djupt ein kan gå i dei forskjellige tankeprosessane med ei tidsramma på fire timar, men elevane på begge skulane gav oss særs gode tilbakemeldingar etter seminaret! Aktiv deltaking gjennom både eventyr, teikning og det å fysisk ta standpunkt i øvinga ”Linja” framprovoserte gode diskusjonar blant elevane, til stor glede for seminarhaldarane!

 

Det fins mange innfallsvinklar ein kan nytta i kampen mot rasisme og diskriminering, men det er inga tvil om at å byrje med seg sjølve er eit avgjerande utgangspunkt. Som eit godt husråd til ein reformator seier ”Folk, som vil forbedre hele verden, kan med held, starte i dens centrum og begynde med sig selv”. Etter to vellukka seminar denne hausten kan me vone at NFU i Bergen har satt eit lite spor i elevane på folkehøgskulane, og gitt dei noko å tenkje på!

Tekst: Helene Klingsheim Austvoll

Nyheter

Urbefolkning får opplæring i sine rettigheter

Urbefolkning får opplæring i sine rettigheter

- Det har vært en krevende prosess for indianerkvinner å få anerkjennelse og respekt. Det vet jeg – for jeg var med på det, sier Arelis Uriana.

Les mer om Urbefolkning får opplæring i sine rettigheter

Innholdsrik frokost

Innholdsrik frokost

Bli med når generalsekretær Liv Tørres deler inntrykk fra sin reise til Midtøsten

Les mer om Innholdsrik frokost