Kafé-møte med Virginia Setshedi
Virginia Setshedi er Norsk Folkehjelp sin programkoordinator i Sør-Afrika. 18.oktober delte ho sine erfaringar frå aktivisme i Soweto, og fortalte om Norsk Folkehjelp sitt arbeid i Sør-Afrika.
Kafémøtet var eit samarbeid mellom Norsk Folkehjelp Bergen, Region Vest og FO, og fann stad på Café Sanaa i Marken. Virginia Setshedi heldt eit engasjert foredrag der ho kom med nokre tankar om den aktuelle situasjonen i Sør-Afrika generelt, og arbeidet til Norsk Folkehjelp sine partnarorganisasjonar spesielt. Ho peika på fleire urovekkande moment ved utviklinga i dagens Sør-Afrika, mellom anna ein aukande tendens til pressesensur, korrupsjon og urettmessig fengsling av organiserte aktivistar. I ei befolkning der rundt 40 prosent er arbeidslause, veks det fram ei aukande framandfrykt ovanfor flyktningar frå nabolandet Zimbabwe, i takt med frustrasjonen over store klasseskilje og manglande politisk vilje til å betre situasjonen for dei fattige. Mange manglar grunnleggande infrastruktur og tilgang på vatn, understreka Setshedi.
Det var rom for spørsmål etter møtet, og mange av dei frammøtte var interesserte i å vite meir om situasjonen, mellom anna korleis Setshedi ser for seg Sør-Afrika si utvikling under president Jacob Zuma, som tok over som president i mai 2009. Setshedi gjorde det klart at uavhengige organisasjonar spelar ei viktig rolle i å halde korrupte tendensar i sjakk og stadig følgje utviklinga med eit kritisk blikk for å hindre at det utviklar seg i gal retning. Det internasjonale samarbeidet er svært viktig i så måte, meinte Setshedi, og viste til at det er solidaritet og samarbeid med lokale organisasjonar som er riktig framgangsmåte når det gjeld den internasjonale støtta.


Twitter
Facebook



