Sudan - i fortid og notid

Måndag 23. mars var studentgruppa i Norsk Folkehjelp Bergen så heldige å få besøk av Halle Jørn Hanssen. Den erfarne journalisten og bistandsarbeidaren gav ei lydhør forsamling på om lag 60 personar ei brei innføring i Sudan si historie, fredsprosessen og situasjonen i dag. Hanssen delte òg av sine erfaringar frå Norsk Folkehjelp sitt arbeid i Sør-Sudan og fortalte kva konsekvensar som kan kome av å ta standpunkt i ei konflikt.

Sudan - i fortid og notid

 

For å forstå notida er det naudsynt å vite noko om fortida. Med dette som utgangspunkt leia Halle Jørn Hanssen forsamlinga gjennom Sudan si historie, frå dei fyrste arkeologiske funn til dagens situasjon. Vi fekk høyre om islam sin frammarsj i Nord-Sudan, slavehandelen og immigrasjon av arabiske handelsmenn. Han fortalte vidare om Egypt sin invadering av Sudan i 1820, Mahdi-opprøret og britane sitt inntog. Etter General Gordon sitt mislykka forsøk på å avskaffe slaveriet, konkluderte britane med at Sudan var vanskeleg å handtere som ein nasjon, og ynskja difor å dele landet i to. Dette har hatt ei stor betyding for Sudan sin situasjon i dag. Medan britane favoriserte nordlege Sudan, ved auka handel og høgare utdanning, vart Sør-Sudan overlete til kristne misjonærar. Den religiøse skilelinja med kristlege sør og muslimske nord vart difor forsterka. Halle fortalte vidare om uavhenga frå britane i 1956, og Sør-Sudan sin kamp for uavhenge. Dette kom blant anna til uttrykk ved opprøret i Bor, der John Garang tok leiinga og etablerte SPLM med målet: ”A new Sudan of the whole, secular and democratic”.

 

Hanssen kjente Garang personleg og kunne fortelje om opprørsleiaren sine visjonar for Sudan. Med stor erfaring frå Norsk Folkehjelp sitt arbeid i landet, kunne Hanssen òg fortelje om NF og Noreg si rolle med omsyn til fredsavtalen i 2005, samt den kritikken NF fekk for å ta standpunkt og ikkje vere ein del av FN si nøytrale line. Norsk Folkehjelp Ungdom Bergen var særs nøgd med nord/sør- seminaret denne kvelden, og spesielt glad for å sjå så mange internasjonale studentar og sudanesarar i forsamlinga. Er du interessert i å vite meir om NF sitt arbeid i Sudan, eller arbeide med dette gjennom vår studentgruppe? Ta kontakt!

 

Tekst: Solveig Marie Igesund

Nyheter

Urbefolkning får opplæring i sine rettigheter

Urbefolkning får opplæring i sine rettigheter

- Det har vært en krevende prosess for indianerkvinner å få anerkjennelse og respekt. Det vet jeg – for jeg var med på det, sier Arelis Uriana.

Les mer om Urbefolkning får opplæring i sine rettigheter

Innholdsrik frokost

Innholdsrik frokost

Bli med når generalsekretær Liv Tørres deler inntrykk fra sin reise til Midtøsten

Les mer om Innholdsrik frokost