Vest-Sahara – ei gløymt konflikt!
Onsdag 28.januar heldt Andrea Gustavsson, Maren Johansen og Andrea Aasgaard eit innhaldsrikt og interessant foredrag om situasjonen i Vest-Sahara, og det var mange som hadde møtt opp på Studentsenteret for å lære meir om denne konflikta.
Andrea Gustavsson, Maren Johansen og Andrea Aasgaard har dette semesteret arbeida frivillig i dei Vest- Saharawiske flyktningleirane
i Sørvest-Algerie.
Onsdag 28. januar heldt dei foredrag om Marokko sin okkupasjon av Vest-Sahara, utnyttinga av området sine mangfaldige ressursar
og brot på menneskerettar. Foredraget blei tilrettelagt av Norsk Folkehjelp Bergen Ungdom, og mange hadde møtt opp for å lære
meir om denne konflikta som så ofte blir gløymd i dagens mediabilete. Andrea, Maren og Andrea informerte om situasjonen i
dei okkuperte områda i Vest-Sahara, og delte sine erfaringar frå arbeidet i den vest-Saharawiske flyktningleiren i Algerie.
Dei kunne fortelje om ein svært vanskeleg og frustrerande situasjon for Saharawiane, som opplever dagleg undertrykking av okkupasjonsmakta Marokko, systematisk vald og brutal handsaming av politi og styresmakter, og generell eksludering frå samfunnet i form av t.d. utestenging frå jobbmarknaden. I flyktningleirane er det eit klima som varierer frå ekstrem varme om sommaren til ein kald vinter, noko som saman med mangel på mat og reint vatn fører til svært vanskelege levekår for flyktningane, som har hatt dette som "midlertidig" bustad i fleire generasjonar. Mangel på utdanning og mogleik for arbeid gjer at kvardagen kan kjennest innhaldslaus og tom for dei mange ungdommane som bur i leiren.
Foredraget var eit interessant og sterkt innsyn i ein kvardag under ein okkupasjon som for mange er ukjent. Dei tre foredragshaldarane påpeika at sjølv om arbeidet i flyktningleirane var viktig, er berre halve arbeidet gjort, og at det no er vel så viktig å spre informasjon om denne konflikta i det norske samfunnet.
Dersom du er interessert i å lære meir om Vest-Sahara og Marokko sin okkupasjon og brot på menneskerettar der, kan du følgje denne lenka til Human Rights Watch sin nyaste rapport frå områda. Det er også tre norske jenter som jobbar frivilleg i flyktningleirane no, dei har ein blogg som oppdaterast jamnleg. Dersom du er interessert i å jobbe frivilleg i flyktningleirane i Sørvest-Algerie, kan du sjå her.
Arr. Norsk Folkehjelp Bergen Ungdom


Twitter
Facebook



