Internasjonalt solidaritetsarbeid - sør Sudan/ Kenya

Internasjonalt solidaritetsarbeid - sør Sudan/ Kenya
101126Haldis AFRIKA.jpg

Internasjonalt solidaritetsarbeid - sør Sudan/ Kenya

Vi har ei eiga støttegruppe for sør-Sudan. Støttegruppa administrerar  fadrar for ca. 55 foreldrelause born, som bor ved eit flykningsenter/barneheim i Kenya. Sentret er drive av Dominican Sisters, og leia av Søster Luise Radlmeier. Før fredsavtalen  i 2005 var nesten alle borna der sør-sudanske.  No er dei sør-sudanske ei  mindre gruppe tenåringar, og majoriteten av fadderborna er foreldrelause born frå Kenya (aids-orphans). Alle desse borna går i barnehage eller på skole, og får god omsorg av tilsette ved flyktingsentret/barneheimen.

Styret i lokallaget har og teke på seg å støtte kvinneretta prosjekt i sør-Sudan. Dette i regi av Norsk Folkehjelp sentralt.

Styret har arrangert årleg solidaritetskonsert for sør-Sudan, og vi har hatt fleire faddertreff/samlingar. Vi deler då nytt om borna og situasjonen i sør-Sudan, og vi har utlodning til inntekt for prosjekta våre. Vi har også hatt fleire fadderturar/studieturar til Kenya og sør-Sudan.

Lokalaget er med i samarbeidet i Ålesund om TV-aksjonen kvart år.
 
Du er hjarteleg velkomen til å vere med i vårt internasjonale solidarietsarbeid!

Einar R. Vonstad
leiar

Les mer om Folkehjelpa sitt arbeid i Sør-Sudan her: http://folkehjelp.no/no/Arbeid_internasjonalt/Landsider/Afrika/Sudan/

Nyheter

Blogger om Gaza besøk

Blogger om Gaza besøk

En representant fra Fagforbundet vil dele sine opplevelser i en ny blogg når han besøker Norsk Folkehjelp i Gaza i juni.

Les mer om Blogger om Gaza besøk

Somalia forbyr landminer

Somalia forbyr landminer

Somalia er det 160. landet i verden til å vedta forbudet mot landminer.

Les mer om Somalia forbyr landminer