Kven er vi?

 

Norsk Folkehjelps arbeid bygger på fire grunnpilarar:

• Kamp mot undertrykking, fattigdom og urettferdig fordeling
• Kamp mot rasisme og diskriminering
• Arbeid for likestilling og mot vold og overgrep
• Forebygging, frivillig engasjement og kompetansebygging

 Sidan 1940 har Norsk Folkehjelp hatt lokallag i Bergen, og vi har gjennom desse åra gjort oss bemerka på fleire arenaer. Spesielt har nok det haldningsskapande arbeidet mot rasisme og diskriminering vore eit fast fokus for Norsk Folkehjelp Bergen, der kampanjen "Gi Rasisme Rødt Kort" i samarbeid med Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon (NISO) er eit døme på denne typen arbeid.

Studentlaget i Norsk Folkehjelp Bergen har hatt mykje aktivitet dei siste seks åra og har bidratt til å styrke kompetansen på internasjonalt solidaritetsarbeid i lokallaget. I tillegg til informasjonskampanjar om situasjonen i Palestina og Israel og ungdomsutveksling med organisasjonar frå andre delar av verda gjennom nettverket Unge Stemmer, har studentgruppa arbeida mykje med haldningsskapande arbeid mot fordommar og diskriminering. Gå til ungdomsutvalet sine websider

Samarbeid med Tesfa sportsklubb i Eritrea er eit prosjekt som internasjonalt utval i Bergen jobbar med og som i desse dagar er inne i ei spanande utvikling. Prosjektet har mellom anna gått ut på ei idrettsutveksling mellom fotballklubben Åsane og den eritreiske klubben Tesfa. Les meir om prosjektet

I tillegg til aktivitetane som allereie eksisterer i laget, er det mange moglegheiter for å sette i gang nye prosjekt eller å bli med og engasjere seg i eit av utvala. Du kan lese meir om lokallaget sine fire utval på desse sidene, samt om Norsk Folkehjelps forskjellige kampanjar og aktivitetar.

Nyheter

Blogger om Gaza besøk

Blogger om Gaza besøk

En representant fra Fagforbundet vil dele sine opplevelser i en ny blogg når han besøker Norsk Folkehjelp i Gaza i juni.

Les mer om Blogger om Gaza besøk

Somalia forbyr landminer

Somalia forbyr landminer

Somalia er det 160. landet i verden til å vedta forbudet mot landminer.

Les mer om Somalia forbyr landminer