Hjem Vårt arbeid Samfunnspolitisk arbeid Asylmottak Husebyparken Positive sider ved asylmottak

Positive sider ved asylmottak

I Farsund er det eit godt samspel mellom mottak, kommuneadministrasjon og lokalbefolkning.

Debattinnlegg av Odd Inge Espe, mottaksleder på Husebyparken mottak i Farsund. På trykk i Fjordingen 25.11.2013.

Som utflytta nordfjording frå nabokommunen Eid, og som tilsett mottaksleiar ved eit asylmottak dreve av Norsk Folkehjelp i Farsund, har eg følgt med i debatten om etablering av asylmottak  i Stryn.  Haldningane til å etablere eit  slikt mottak  har stort sett vore negative, med ulike grunngjevingar alt utifrå ståstad i kommunen.

Med tragedien i Årdal som bakteppe og friskt i minne, er det forståeleg at alle og einkvar stoppar opp og tenkjer seg nøye om før ein går vidare i dette arbeidet. Hendinga har skapt debatt om ulike ordningar som til dømes psykisk helsehjelp, tempo i utbygging av mottaksapparatet og kommunen si  rolle i etableringa av nye mottak.  Denne debatten er nødvendig og  vil pågå framover og forhåpentlegvis kome inn i gode spor med gode løysningar både for kommune- Norge og asylsøkjarane som Norge etter internasjonal lov er pliktig til å ta imot uansett  om regjeringa er blåblå eller raudgrønn. 

Mitt innlegg er ikkje meint å ta stilling til ovannemnde tilhøve, men er tenkt å vere eit innlegg om dei positive verknadene eit asylmottak kan ha i ein mindre kommune, der det er eit godt samspel  mellom mottak, kommuneadministrasjon og lokalbefolkning. Erfaringane mine er som sagt frå ein liten sørlandsby med ca 9000 innbyggjarar.

Mennesker vil i framtida ha behov for beskyttelse frå forfølging. Nasjonar er pliktige til å hjelpe og Norge er internasjonalt forplikta til å ta imot et visst antall kvoteflyktningar per år og i tillegg gje beskyttelse til mennesker som henvender seg ved våre grenser og ber om asyl. Dette er nedfelt i den internasjonale Flyktningekonvensjon av 1951.

Husebyparken statlege mottak er eit desentralisert mottak, dvs at alle 150 asylsøkjarane bur i eigne leiligheter og hus. Kommunen har vore vertskap for mottaket i mange år og Norsk Folkehjelp har vore driftsoperatør heilt sidan byrjinga av 1990 talet. Kommunen mottar årleg eit tilskott som vertskommune som skal dekke utgifter til skole, barnehage og helsestell.  Eit mottak som Husebyparken har eit budsjett på over 10 millioner og pengene fører til  auka handel, held oppe innbyggartallet, utviklar lag og foreninger og skaper nye arbeidsplassar. Et mottak har som oftest ca  7-8 arbeidsplasser og gir skatteinntekter til kommunen.

For at mottaka skal fungere godt er det viktig med eit godt samarbeid mellom mottaket og lokalsamfunnet. I startfasen var det skepsis mot etablering av asylmottak, men den forsvant etter etableringa og mottaket har funne sin plass i lokalsamfunnet. Husebyparken har til dømes eit godt samarbeid med utleigarar som sjølv tilbyr ledige husvære til mottaket. Dette har generert inntekter til huseigarar og det lokale næringsliv.

Asylantane har undervisning og aktivitetstilbod, men engasjerer seg også i aktiviteter i kommunen. Fotball er eit eksempel på ein slik aktivitet blant unge bebuarar der enkelte har plass på det lokale fotballaget.  Innbyggjarar i kommunen har engasjert seg i vårt mottak og andre mottak over heile landet  gjennom frivillig arbeid og gir dermed av si fritid. Ofte er desse engasjert gjennom Redd Barna og Røde Kors.

Det opplevast som positivt for barn i skulealder å bli kjend med born  frå andre land med andre skikkar og levemåtar.  Ein internasjonal tilvekst i ein kommune, som eit asylmottak er,  gir mangfald og fleire kulturelle opplevingar for mange. Dette er erfaringar som mange kommunar har gjort seg i den 30 år lange tidsperioden som det har vore mottaksdrift i Norge.

Norsk Folkehjelp har pånytt lagt inn eit  tilbod om å drive mottak i Stryn.  Røynslene frå  Farsund og andre stader vil bli tekne i bruk dersom Norsk Folkehjelp vinn anbodsrunden.

25.11.2013 |
Tilbake